Olavs Misjon – Місія святого короля Олава, Норвегія

Fekk mange til fjells

Ukrainske barn frå heile Sør-Noreg har vore på sommarleir i Bø. Målet er nye vennskap, gode naturopplevelsar og ei kjensle av å høyre til

Fekk mange til fjells

Vilde Heldal

redaksjon@boblad.no

– Det beste er at det er så mange som kan språket mitt. Her snakkar dei mykje meir enn på skulen. Me er saman heile tida, gjer mange ulike aktivitetar og kvar dag går me på tur i fjellet.

Det fortel Kataryna (13) ivrig. Ho bur i Valdres, men i juli har ho vore på sommarleir på Jønnbu Fjellkyrkje, der dagane gjekk med til fjellturar, aktivitetar og nye vennskap.

Leiren, som blei arrangert for første gong i år, er organisert av Den ortodokse misjonen til den hellige kong Olav, ein organisasjon starta i Bø i fjor av prest Andrii Pinchuk.

– Hovudmålet er å hjelpe barna med å bli kjende med andre og kjenne seg tryggare i eit nytt miljø. Me ønsker at dei skal finne nye vener og føle seg meir heime i Noreg, seier Pinchuk om sommarleiren.

Eit felles mål

For Pinchuk kjem engasjementet for barn heilt naturleg. I Ukraina dreiv han og kona ein hjelpeorganisasjon som tok til seg fosterbarn.

– Eg likar å jobbe med barn. Me har tre biologiske barn og 16 adopterte, så det har alltid vore mykje liv heime. Huset vårt blei som ein sommarleir kvar sommar då me budde i Ukraina, seier han.

Med seg på laget på Lifjell har han hatt ei internasjonal gruppe frivillige frå Noreg, Ukraina, Polen, Tyskland, Storbritannia og Nederland. Fleire av dei har arbeidd med barn store delar av livet, og nokre har brukt heile yrkeslivet sitt på det.

– Dei har mykje erfaring og eit stort engasjement. Me har samla oss om eitt felles mål: å skape ein trygg, varm og minnerik sommarleir for barna, seier Pinchuk.

Mange ber på traume

Pinchuk fortel at fleire av barna ber med seg sterke historier frå krigen.

– Ei jente fortalde at familien eigde ein bedrift i Ukraina, men då dei russiske soldatane kom, tok dei alt. Eit anna barn fortalde at faren er i krigen. Ei anna har ein bror som kjempar. Dei ber på traumatiske historier.

Presten håpar leirskulen skal gi barna ein stad der dei kan sleppe å tenkje på krigen, og berre vere barn.

– For mange av barna er det vanskeleg å integrere seg fordi dei har opplevd så mykje. Her får dei eit nytt nettverk og nye venner. Me ønsker også å vise dei den vakre norske naturen og skape interesse for friluftsliv, seier den ortodokse presten.

Vil utvide tilbodet

Til neste år håpar han at dei også får fleire barn frå Noreg med på leiren.

– I år har me dessverre ingen norske barn blant deltakarane, men dette ønsker me å endre i framtida. Dersom både ukrainske og norske barn deltek på leiren, vil det bidra til betre integrering, meir øving i norsk og nye vennskap, seier Pinchuk.

I framtida håpar dei òg nå ut til endå fleire ukrainske barn, og arrangere sommarleir over heile landet.

God hjelp frå lokalsamfunnet

Sommarleiren vart ikkje til av seg sjølv. Det kravde månader med planlegging, søknader om finansiering og etablering av kontakt med lokale bedrifter, gardar og organisasjonar.

Kontakten med lokale aktørar var det dottera Mariia Pinchuk som stod for.

– Me har fått fantastisk støtte frå lokalsamfunnet, fortel ho og listar opp:

– KIWI Bø og Bø Asiamat bidrog med mat. Me har fått morellar frå Tufte gard, egg frå Skoe gard, jordbær frå Øygarden jordbær, tomatar frå Akkerhaugen Gartneri og poteter frå Kåsin gard.

Ho fortel at det krev mykje mat for å mette 40 svoltne tenåringar i høg aktivitet frå morgon til kveld. Dei fekk òg mange andre bidrag frå både bedrifter og privatpersonar.

– Utan denne hjelpa hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre leiren, seier Mariia Pinchuk.

Kataryna på 13 år håpar leirskulen blir ein tradisjon.

– Eg håpar eg kjem tilbake neste år. Då blir eg med i den eldste gruppa, og det gler eg meg veldig til. Der får ein meir ansvar, og det likar eg, avsluttar ho.

Skroll til toppen